Pedagogikk time 05.09.07
Denne pedagogikktimen hadde mye å by på og mykje å hugsa på, men av alt som vart sagt var det Inge Eidsvåg sine ti bud som satte djupast merke.
1: Du skal kunne, og være glad i fagene dine
2: Du skal være glad i fortellinger
3: Du skal være nærværende
4: Du skal se elevene
5: Du skal være glad i elevene dine
6: Du skal ha forventninger og stille krav til deg selv og elevene dine
7: Du skal ofte ha med deg noe nytt
8: Du skal bidra til trivsel og utvikling i kollegiet
9: Du skal bidra til samtaler om skolen sin samfunnspolitiske rolle
10: Du skal våge å være lærer
Same dagen ringte eg mine foreldre som er full-utdanna lærerar og siterte desse buda og det var ikkje overraskande at dei var hjartans enige.
Ein lærar skal ikkje berre vera ein stiv person bak kateteret som sit på stolen sin og mysar på deg med skumle øyne gjemt bak eit par med brillar, men heller ein person som ein elev kan stole på, spørje om hjelp, sjå opp til og som kan få kvardagen på skolen til å virka morosam og lærerik.
Desse boda er ikkje berre om lærarens forhold til eleven, men også til sitt eige fag, sin jobb og kollegaer. Det å væra lærar er noko av de viktigste jobbane i dagens samfunn og for framtidens samfunn.
Desse boda er med å settje opp ein norm for lærerar og burde hengje på veggen i alle kontorer og lesast kvar dag. For kva er ein lærar som ikkje følgjer desse enkle 10 boda? Dei sett krav til kunnskap, evne til å læra bort, omsorg til elevane, med-kollegaer, deg sjølv, kreativitet og mot til å bli sett.
Nokre kan seie at dette er mykje å be om, kanskje for mykje. Men ein som har mot til å sjå inn i sitt eiget sinn finn ut at dette er ikkje så vanskeleg som det høras ut som.
Det er eigentleg berre snakk om rein logikk og sunn fornuft. Ikkje noko meir.
Så var det jo den lille filmsnutten om Problemløysningar. sjølv om eg har sett denne før i andre formatar, er den like morosam kvar gong. Skulle laga min eigen og hatt den på veggen heima på rommet her på Rommetveit.
Og vi avslutta timen med korleis Goggle kunne brukast til å finna informasjon på nettet. Igjen noko eg har vore borti før, men framleis like effektivt. Nesten litt rart å tenkje på at internet vart laga ført og fremst for den amerikanske hær. Ikkje heilt etter planen deiras, vil no eg seie.
søndag 16. september 2007
Abonner på:
Innlegg (Atom)