torsdag 30. august 2007

Beste lærar

Å væra barn av to lærerar i ein litan stad som Sauda gjev einkvar eit spesielt forhald til lærerar som ein har på skolen. Eg har aldri, i motsettning til andre elevar i mitt gamle klassetrinn hatt ein eller fleire lærerar eg har sagt har vore 'dårlege' eller verre. Gjere ugang eller erta dei. Kanskje i frykt for at mine foreldre kanskje finn ut av det eller kanskje fordi eg har ein medfødt følelse av respekt for dei.

Men av alle samen er kanskje den som toppar lista Pål Ove. Mattelæraren frå Allmenne Påbygg året mitt. Alle elevane han har hatt gjennom sin tid på Sauda VGS har sagt han er den beste, så eg er nok ikkje noko unntak.
Han kjem frå Trondheim og har Master grad i matematikk. Han veit korleis sjølv den minste ting innanfor faget fungerar og han kan forklare det til oss på ein måte som er eit under å sjå på.

Tok seg god tid med dei som hadde vanskar med faget og virka som om han visste kva han skulle sei for å forklara dei kva dei måtte sjå etter. Små 'trix' som han lika å kalla dei for at vi kom fram til den logikken vi trengde. Også humor bruka han slik at vi vakna opp og følgja med. Oppfordra oss alle til å jobbe med oppgåver kvar dag og resultatet vart at når store prøvar kom, var vi så godt forberet at vi trengde ikkje lesa oss til søvn kvelden før.

Pedagogikktime 27.08

Ja ja, eg kan ikkje sei at det var dette eg hadde forventa av ein pedagigikktime, men meir morosamt i ein time har eg skjeldan hatt.

Eg må nestan bli imponert over Birgit sin oppfinnsome fantasi med merklege yrker. Timen gjekk ut på at vi skulle mime forkjellige yrker, men ikkje akkurat kassebetjening på Rimi eller gatefeiar på Karl Johan... fotball spelar med ballskrekk... budeie med mjølkeallergi og mange andre fargerike og fantasirike yrker. Utruleg gøy og eg håpar at vi kjem til å gjøre meir av dette.

Eg meinar dette er bra trening for dei som er litt redde for at stå framfor ein klasse og gjere noko som skapar latter. Eg har sjølv litt sceneskrekk iblandt, men eg ønskjer å gjere noko med detta.

Hvorfor lærar på Stord?

Å bli lærar var noko som ikkje kom til meg over natta, kn ein få lov å seie. Eg byrja på Sauda VGS som Elektro student og tok både Førsteår Elektro og Førsteår Automasjon. Gjekk ut med meget brukbare karakterar og fullførte Andreår Automasjon i Stavanger. Men jobb var vanskeleg å få tak i og eg vil ikkje nekta for at tvilen byrja å gnaga.

Alt håp var ikkje ute når eg fekk vita at skulen i Sauda ville prøva eit nytt opplegg med internett undervisning i Ingeniør Forkurs. Men problemet var at det er ikkje så lett å følge med i ein klasse når læraren forsvinn med jevne mellomrom frå skjermen på grunn av dårleg kontakt. Eit nesten bortkasta år.

Jobb var framleis vanskeleg å få tak i til ein dag eg leste om læraryrket i vanleg allmenn fag. Eg kjennar nokre lærerar personleg sidan begger foreldra mine er lærerar sjølve og alle sa at beste stedet å bli lærar, det var på Stord.
Sjølvsagt vart eg interesert, sidan vanlege allmenne fag hadde vore min sterkeste side i alle år og å jobba med folk i samarbeid er noko eg sett pris på.
Så eg byrja på Allmenne Påbyggsfag heima i Sauda og fullførte. Beste skuleåret nokon gong.
Å jobbe med barn har eg også kunnskaper i både i alpin- og kampsport miljøet, så eg tror ikkje eg vil angre på mitt valg av yrkesretning.

mandag 20. august 2007

Thomas sin blogg

Hei, eg heiter Thomas Larsen og er ny student her på denne skulen i likhet med fleire andre elevar. Eg er 23 år og kjem ifrå ein tettstad innderst inne i Rogaland. Sauda. Einkvar som er glad i å stå på ski eller snowboard oppfordrar eg til å besøke skianlegget på vinterstid.

Greit, nok reklame om Sauda. Det er ikkje det dette skal handle om.

Som du kanskje har oppdaga, er eg ein ski entusiast som lev opp til ryktet at Nordmenn blei født med ski på beina. Vore med i Sauda Alpin miljø sidan eg var 4 år gamal. Andre fritids gledar innkluderar film, dataspel, hobby kunstnar og hobby forfattar. Ikkje det beste, men langt frå det verste.
Har også ein fortid frå kampsport miljøet hjemma i Sauda. Skulle ta graderinga til Svart Belte men måtte gi meg på grunn av ein kirurgisk operasjon. Livets harde virkelegheit. Eg håpar at når eg er ferdig her på Stord, at eg kan ta opp kampsport igjen og bli instruktør. Då er det bra å væra lærar attpå.