torsdag 30. august 2007

Hvorfor lærar på Stord?

Å bli lærar var noko som ikkje kom til meg over natta, kn ein få lov å seie. Eg byrja på Sauda VGS som Elektro student og tok både Førsteår Elektro og Førsteår Automasjon. Gjekk ut med meget brukbare karakterar og fullførte Andreår Automasjon i Stavanger. Men jobb var vanskeleg å få tak i og eg vil ikkje nekta for at tvilen byrja å gnaga.

Alt håp var ikkje ute når eg fekk vita at skulen i Sauda ville prøva eit nytt opplegg med internett undervisning i Ingeniør Forkurs. Men problemet var at det er ikkje så lett å følge med i ein klasse når læraren forsvinn med jevne mellomrom frå skjermen på grunn av dårleg kontakt. Eit nesten bortkasta år.

Jobb var framleis vanskeleg å få tak i til ein dag eg leste om læraryrket i vanleg allmenn fag. Eg kjennar nokre lærerar personleg sidan begger foreldra mine er lærerar sjølve og alle sa at beste stedet å bli lærar, det var på Stord.
Sjølvsagt vart eg interesert, sidan vanlege allmenne fag hadde vore min sterkeste side i alle år og å jobba med folk i samarbeid er noko eg sett pris på.
Så eg byrja på Allmenne Påbyggsfag heima i Sauda og fullførte. Beste skuleåret nokon gong.
Å jobbe med barn har eg også kunnskaper i både i alpin- og kampsport miljøet, så eg tror ikkje eg vil angre på mitt valg av yrkesretning.

1 kommentar:

Ida H. sa...

ja, det er mange veiar som kan føre ein til læraryrket, og din var ganske interessant. Det er no slik at lærarar er det alltid bruk for, så ein er nesten sikra jobb. ;)
dessutan er det ein jobb med variasjon i kvardagen, noko eg syns er viktig.