torsdag 30. august 2007

Pedagogikktime 27.08

Ja ja, eg kan ikkje sei at det var dette eg hadde forventa av ein pedagigikktime, men meir morosamt i ein time har eg skjeldan hatt.

Eg må nestan bli imponert over Birgit sin oppfinnsome fantasi med merklege yrker. Timen gjekk ut på at vi skulle mime forkjellige yrker, men ikkje akkurat kassebetjening på Rimi eller gatefeiar på Karl Johan... fotball spelar med ballskrekk... budeie med mjølkeallergi og mange andre fargerike og fantasirike yrker. Utruleg gøy og eg håpar at vi kjem til å gjøre meir av dette.

Eg meinar dette er bra trening for dei som er litt redde for at stå framfor ein klasse og gjere noko som skapar latter. Eg har sjølv litt sceneskrekk iblandt, men eg ønskjer å gjere noko med detta.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Thomas...
Du seier litt om korleis du opplevde øvinga der de skulle formidla noko til resten av klassen berre ved hjelp av kroppsspråket. Men vi gjekk jo igjennom litt anna og i denne økta. Fyrst snakka vi litt om kva kommunikasjon og samarbeid i skulen. Er det noko av det vi gjekk igjennom der som du kjem til å tenkja ekstra på i høve til møtet med borna i praksis? Vi såg og ein episode frå NRK-serien "Kroppen" om kroppsspråk. Var det noko der du festa deg ved? Kva med forslaga til fordjuping? Der låg det to artiklar og ei øving der du skulle gjetta om eit smil var ekta eller falskt. Kommentarar til desse? Kva med arbeidet i høve til køyrereglar, gjekk det greit?

Birgit :-)