Å væra barn av to lærerar i ein litan stad som Sauda gjev einkvar eit spesielt forhald til lærerar som ein har på skolen. Eg har aldri, i motsettning til andre elevar i mitt gamle klassetrinn hatt ein eller fleire lærerar eg har sagt har vore 'dårlege' eller verre. Gjere ugang eller erta dei. Kanskje i frykt for at mine foreldre kanskje finn ut av det eller kanskje fordi eg har ein medfødt følelse av respekt for dei.
Men av alle samen er kanskje den som toppar lista Pål Ove. Mattelæraren frå Allmenne Påbygg året mitt. Alle elevane han har hatt gjennom sin tid på Sauda VGS har sagt han er den beste, så eg er nok ikkje noko unntak.
Han kjem frå Trondheim og har Master grad i matematikk. Han veit korleis sjølv den minste ting innanfor faget fungerar og han kan forklare det til oss på ein måte som er eit under å sjå på.
Tok seg god tid med dei som hadde vanskar med faget og virka som om han visste kva han skulle sei for å forklara dei kva dei måtte sjå etter. Små 'trix' som han lika å kalla dei for at vi kom fram til den logikken vi trengde. Også humor bruka han slik at vi vakna opp og følgja med. Oppfordra oss alle til å jobbe med oppgåver kvar dag og resultatet vart at når store prøvar kom, var vi så godt forberet at vi trengde ikkje lesa oss til søvn kvelden før.
torsdag 30. august 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Hei.
Verkar som om dette er ein lærar du har hatt respekt å lært mykje av. Humor er nok ein veldig viktig ting. Sjølv om det er viktige ting ein skal formiddla er det viktige å ha ein fleip på lur til å løyse opp stemninga litt.
Ja, det er ikkje berre berre å vera lærarunge i oppveksten, spesielt ikkje om foreldre jobbar på skulen der ein sjølv er elev (eg har ein far som har vore lærar all si tid, så dette har eg kjent på kroppen sjølv). Det var kjekt å lesa om Pål Ove, og eg ser for meg ein lærar som var engasjert og brann for faget sitt. At han og hadde evne til å forklara og få dykk elevane til å forstå, seier noko om at han ikkje berre var fagmenneske, men og god pedagog. Det er ein viktig ting å ta med seg vidare ut i eiga yrkesutøving. At han fekk dykk til å jobba jevnt og godt, og at det gav dykk utteljing på prøvane, er jo heller ikkje noko onde akkurat.
Birgit :-)
Hugs på innlegg om forrige økt i pedagogikken om "Kommunikasjon og samarbeid"...
Birgit :-)
Godt og sjå at det er lærarar med " skillz " der ute! ;)
Legg inn en kommentar